fbpx

Author Archives: alexandria

#hytta

barlind-hyttegrend-kinn-peiskos-hytte

Særskild i Norge

Hyttedraumen finnast hos mange, og ho er ulik frå person til person. Hyttetradisjonen finnast nok i fleire delar av verda, på ulike stadiar, men blant nordmenn er den ekstra Tradisjonell med stor T. Då er det familiehelg til det fulle, med god mat, alltid fleire typar brettspel som til dømes Yatzy, eller kortspel.

Ein reiser på hytta for å slappe av og tilbringe tid med familien. Det er ein god plass å skape tradisjonar på. Mange feirar jul og påske på hytta. Ein reiser gjerne på hytta istadenfor å reise ein langtur.

«Slappar ein ikkje av heime?»

– Nei, ikkje på samme måte som på hytta. Heime finnast det samtlege faktorar og gjenstandar som minner deg om kvardagen og alle gjeremåla, men på hytta er det berre det som høyrer hytta til. Heime tar ein seg ikkje tid til å sitte rundt bordet og spele kort eller brettspel, men det ein gjerne på hytta. Her velger ein gjerne vri åttar framfor TV.

Teknologien i dag er langtkomen, og i dei inste dalane og fjordane har du tilgang til fiber. Det er flott, men mange foretrekker å ikkje ha internett tilgjengeleg på hytta. Kjelden som har oppgitt dette, seier dei slappar betre av utan internett på hytta.

Ingen aldersgrense

Mor, far, tanter, onklar og alle søskenbarna reise gjerne på hytta i lag. Dei fleste hytter har ein hems, og det er der barna held til store delar av innetida. Hemsen er liksom barna sin soveplass. Det er eit kjent fenomen at ein hiver alle søskenbarna i ein haug på hemsen, og der søv dei godt. 

Det er ingen aldersgrense på hytta, og alle aktivitetar er gjerne tilpassa kompaniet du har reist på hytta med. Det eksisterar eit særskild fellesskap, og dugnadsånden er sterk. Alle bidrar og tar i eit tak. Som til dømes å hjelpe til med middagen. Ein går gjerne på tur saman, eller ein finn på andre kjekke aktivitetar, som til dømes akekonkurranse blant alle generasjonane som er tilstades. 

(Artikkel held fram under bilete) 

barlind-hyttegrend-hytte-kinn

Trygge og gode assosiasjonar

Når vi spør samtlege om kva dei assosierar med ordet «hytta» får vi høyre blant anna: Fjelltur, innekos, peiskos, familietid, god mat, ullsokkar, venner, pledd, god stemning, avslapping, tryggheit og late dagar. Hytta er ein fristad der ein skal kjenne på å kunne vere seg sjølv og kjenne på tryggleik.

Eventyrleg hytte

Vi har vel alle sett verdas første heilaftens tegnefilm frå 1937: Snøhvit og dei sju dvergane? Snøhvit forsøker å rømme frå jegeren som dronninga har sendt etter ho, og etter ein vill flukt gjennom den djupe skogen, kjem ho over eit lite hus. Det vesle huset i skogen er omringa av høge tre, grøne busker og grønt gras, steinrøyser, ville blomster og lyden av fuglekvitter. Snøhvit kjenner tryggleik og vil søke tilflukt her. Slik kjentes det ut for oss også, då vi for første gong skulle besøke Barlindbotn. Det første som møter deg når du kjem til starten av Barlind Hyttegrend, er hytta til Magny og Geirmund.

Frå snekkerbod til hytte

Medan eg går langs vegen blir fuglekvitteren meir distansert, og lyden av ein grasklippar dominerar. Magny slår av grasklipparen, og helsar på oss. Hagen er full i blomster og plantar. Det synast at Magny likar å bruke tid i hagen. Den er så vakker og leiken. 

Magny og Geirmund har eigd hytta i Barlindbotn i 3 år no, og dei trivst særs godt. Kvar anledning dei har reiser dei inn til hytta for å finne roa. Geirmund er handtverker, og gjer alt sjølv. Han er glad i å pusse opp og oppgradere gjenstandar, og større prosjekt, som til dømes denne hytta! Det har ikkje alltid vore ei hytte. Opprinneleg er det ei gamal snekkarbod, som vart lagt ut for salg. Geirmund såg potensialet i ho der ho låg i vakre naturomgivnadar nærme sjøen. Dei kjøpte snekkerboda, lot kreativiteten ta over og byrja å pusse opp og bygge på. Intensjonen var å pusse opp prosjektet og selge ho vidare.

“Etterkvart blei det vanskelegare og vanskelegare å tenke på å selge ho vidare, og no vil vi berre bu her sjølv!” seier Geirmund og smiler

I tillegg til den koselege og fargerike hagen, er det eit monument som også skil seg ut, og det er vedskjulet deira.

«Frikyrkja, kallar vi ho!» tøyser Geirmund. 

Etter å ha inntatt atmosfæren ute i hagen er vi spent på å kome inn. Vi blir ikkje skuffa. Innvendig er hytta dekorert med antikvitetar som står i stil med handverket. Det første ein ser er eit stort og stødig spisebord i midten av rommet, som Geirmund har snekra sjølv, og er eit kvalitetsprodukt.

Hytta til Geirmund og Magny i Barlindbotn

Nyt stillheita

På terrassen nyt dei stillheita i kvar ei årstid, og her har dei rigga seg opp med utepeis med hemmelege funksjonar! For dei som er nysgjerrige på kva denne funksjonen er, får ta seg ein tur til Barlindbotn og få gleden av å ta del i den!