fbpx

Eventyrleg hytte

Vi har vel alle sett verdas første heilaftens tegnefilm frå 1937: Snøhvit og dei sju dvergane? Snøhvit forsøker å rømme frå jegeren som dronninga har sendt etter ho, og etter ein vill flukt gjennom den djupe skogen, kjem ho over eit lite hus. Det vesle huset i skogen er omringa av høge tre, grøne busker og grønt gras, steinrøyser, ville blomster og lyden av fuglekvitter. Snøhvit kjenner tryggleik og vil søke tilflukt her. Slik kjentes det ut for oss også, då vi for første gong skulle besøke Barlindbotn. Det første som møter deg når du kjem til starten av Barlind Hyttegrend, er hytta til Magny og Geirmund.

Frå snekkerbod til hytte

Medan eg går langs vegen blir fuglekvitteren meir distansert, og lyden av ein grasklippar dominerar. Magny slår av grasklipparen, og helsar på oss. Hagen er full i blomster og plantar. Det synast at Magny likar å bruke tid i hagen. Den er så vakker og leiken. 

Magny og Geirmund har eigd hytta i Barlindbotn i 3 år no, og dei trivst særs godt. Kvar anledning dei har reiser dei inn til hytta for å finne roa. Geirmund er handtverker, og gjer alt sjølv. Han er glad i å pusse opp og oppgradere gjenstandar, og større prosjekt, som til dømes denne hytta! Det har ikkje alltid vore ei hytte. Opprinneleg er det ei gamal snekkarbod, som vart lagt ut for salg. Geirmund såg potensialet i ho der ho låg i vakre naturomgivnadar nærme sjøen. Dei kjøpte snekkerboda, lot kreativiteten ta over og byrja å pusse opp og bygge på. Intensjonen var å pusse opp prosjektet og selge ho vidare.

“Etterkvart blei det vanskelegare og vanskelegare å tenke på å selge ho vidare, og no vil vi berre bu her sjølv!” seier Geirmund og smiler

I tillegg til den koselege og fargerike hagen, er det eit monument som også skil seg ut, og det er vedskjulet deira.

«Frikyrkja, kallar vi ho!» tøyser Geirmund. 

Etter å ha inntatt atmosfæren ute i hagen er vi spent på å kome inn. Vi blir ikkje skuffa. Innvendig er hytta dekorert med antikvitetar som står i stil med handverket. Det første ein ser er eit stort og stødig spisebord i midten av rommet, som Geirmund har snekra sjølv, og er eit kvalitetsprodukt.

Hytta til Geirmund og Magny i Barlindbotn

Nyt stillheita

På terrassen nyt dei stillheita i kvar ei årstid, og her har dei rigga seg opp med utepeis med hemmelege funksjonar! For dei som er nysgjerrige på kva denne funksjonen er, får ta seg ein tur til Barlindbotn og få gleden av å ta del i den!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *