Hyttetomter i Barlindbotn
Det gode liv ved fjorden

Realiser draumen om det gode hyttelivet ved fjorden

Sjønære tomter for fritidsbustad i Barlindbotn inst i Eikefjorden.

Byggeklare tomter

Barlind hyttegrend er regulert for 21 sjønære fritidstomter. Storleiken på tomtene varierer mellom 380 – 590 m². Det er ingen byggjeklausul, så hyttetypen veljer du sjølv i henhold til reguleringsplan.

Stor eller lita, funkis eller tradisjonell – vi bistår deg i prosessen med å velge hyttetype og korleis oppføring skal skje. Du får og moglegheita til å gjere delar av arbeidet sjølv.

Eit godt utgangspunkt for gode opplevingar

I Barlind Hyttegrend er dei gode opplevingane aldri langt vekke. Her finn du fjellturar, fiskeplassar, turstiar og badeplassar like ved.

Bilde av fjellet Håsteinen i solnedgang. Av Ian Cassells.

Karakteristiske Håsteinen med sine 964 moh ser du frå verandaen. Tar du utfordringa er det 10 minutt å køyre til starten på turløypa.

Man med fiskestang. Bilde fra Unsplash.

Enten du tek båten ut på fjorden eller prøver fiskelykka i Jagedalsvatnet like ved, kan du enkelt skaffe deg middagen her i området.

Barnehånd plukker blåbær

Du finn mange turstiar i nærområdet og når hausten kjem kan du fylle kurven med sopp eller bær.

Velkommen til Barlind Hyttegrend

Barlind Hyttegrend ligg idyllisk til i Barlindbotn midt mellom Florø og Førde. Det er ca. 35 min kjøring til Florø og ca. 40 min kjøring til Førde.
Lokalhandelen i Eikefjord sentrum er berre ein kort køyretur vekke, ca. 12 min med bil eller ein liten båttur. Nærbutikken i Stavang køyrer du til på ca. 16 min.

Kart Barlind Hyttegrend
Kart Barlind Hyttegrend
Magny og Geirmund på terrassen i Barlind Hyttegrend

Møt naboene

Bli betre kjent med nokre av dei som kan bli dei framtidige hyttenaboane dine.