Det gode liv ved fjorden

Barlind Hyttegrend er ein stad der heile familien kan nyte helger og feriar heile året. Her er fantastiske naturopplevingar aldri langt unna. Kva med ein fisketur, ein fjelltur, ein kajakktur eller ein tur med SUP? Aktivitetar og attraksjonar er ikkje langt unna – for dei som ynskjer det.

Utsikt fra fjelltopp i nærområdet til Barlind Hyttegrend

Flotte turmoglegheiter

Innen ein times køyretur frå Barlind Hyttegrend finn du alt frå utfordrande fjellturar og toppturar på ski til enkle fotturar for heile familien. Sjekk ut ut.no for turmoglegheiter.

Aktivitetar rett utanfor hyttedøra

Padle kajakk eller SUP, bade, snorkle, grille, fiske, sanke sopp eller rett og slett berre nyte roen og utsikta – moglegheitene er mange, naturen er rett rundt hjørne.

På kajakktur i Barlind Hyttegrend

4 aktivitetar – under ein times køyretur

Lyst på litt kulturelt påfyll, ei restaurantoppleving eller eit museumsbesøk?
Når du har fått deg hytte i Barlind Hyttegrend, er det kort veg til mange ulike aktivitetar.

Ausevika helleristningsfelt kan du enkelt besøke når du er i Barlind Hyttegrend

Ausevika Helleristningsfelt

Opplev eit av dei største helleristningsfelta i Norge. Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar. Ausevika er absolutt verdt eit besøk!

Florø by sett fra sjøsiden

Kystbyen Florø

Florø ligg idyllisk til ved kysten. Her finn du eit aktivt kulturliv med lokale festivalar og arrangement, koselege kafear med flott atmosfære og spektakulær natur med fjordar, øyar og fjell.

Førde by med sogn og Fjordane Kunstmuseum i front.

Førde

Førde er den største tettstaden i Sunnfjord, med rundt 10 000 innbyggarar, og er kjent som eit handels- og kultursenter med eit rikt tilbod av kafear og spisestader. I Førde står kunst- og kulturlivet sterkt. Midt i byen ligg Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og kvart år i starten av juli vert Førde Internasjonale Folkemusikkfestival arrangert.

Stavang sett fra luften

Stavang

Stavang er ei perle med høge fjell med mange oppmerka turar til Hornfjellet og Skålefjellet for å nemne nokre. Nede ved sjøen er det eit yrande liv mellom holmar og skjær med vakkert landskap. Midt i denne perla ligg Nærbutikken Stavang Landhandel. Ein butikk som er ein moderne kramhandlar, der man kan få tak i fiskeslukar, kakefat, hoppestrikk, strikkegarn, pynteting og hammar med meir, i lag med vanelge daglegvarer.