Det gode liv ved fjorden
Barlind Hyttegrend er ein stad der heile familien kan nyte helger og feriar heile året. Her er fantastiske naturopplevingar aldri langt unna. Kva med ein fisketur, ein fjelltur, ein kajakktur eller ein tur med SUP? Aktivitetar og attraksjonar er ikkje langt unna – for dei som ynskjer det.

Flotte turmoglegheiter
Innen ein times køyretur frå Barlind Hyttegrend finn du alt frå utfordrande fjellturar og toppturar på ski til enkle fotturar for heile familien. Sjekk ut ut.no for turmoglegheiter.
Aktivitetar rett utanfor hyttedøra
Padle kajakk eller SUP, bade, snorkle, grille, fiske, sanke sopp eller rett og slett berre nyte roen og utsikta – moglegheitene er mange, naturen er rett rundt hjørne.

4 aktivitetar – under ein times køyretur
Lyst på litt kulturelt påfyll, ei restaurantoppleving eller eit museumsbesøk?
Når du har fått deg hytte i Barlind Hyttegrend, er det kort veg til mange ulike aktivitetar.

Førde
Førde er den største tettstaden i Sunnfjord, med rundt 10 000 innbyggarar, og er kjent som eit handels- og kultursenter med eit rikt tilbod av kafear og spisestader. I Førde står kunst- og kulturlivet sterkt. Midt i byen ligg Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og kvart år i starten av juli vert Førde Internasjonale Folkemusikkfestival arrangert.

Stavang
Stavang er ei perle med høge fjell med mange oppmerka turar til Hornfjellet og Skålefjellet for å nemne nokre. Nede ved sjøen er det eit yrande liv mellom holmar og skjær med vakkert landskap. Midt i denne perla ligg Nærbutikken Stavang Landhandel. Ein butikk som er ein moderne kramhandlar, der man kan få tak i fiskeslukar, kakefat, hoppestrikk, strikkegarn, pynteting og hammar med meir, i lag med vanelge daglegvarer.