Hyttegrenda

Barlindbotn – det gode livet ved fjorden

Ønskjer du deg fritidseigedom i vakre naturomgjevnader ved fjorden er Barlindbotn rette plassen. Her møtast fjell og fjord og bakom lokkar fiskevatn. Alle tomtene har nærleik til sjø med moglegheit for naust og båtplass.  Det er og eiga badestrand i hyttefeltet, slik at alt ligg til rette for ein aktiv ferie ved sjøen. Området er ypparleg for kajakkturar i det rolege fjordlandskapet. Hytteområdet ligg søraust vendt til med gunstige sol- og vindforhold. Her kan du kjenne på naturens kvilepuls.

Karakteristiske Håsteinen lokkar frå verandaen, og tar du utfordringa er det 10 minutt køyretur til starten på turløypa. For kortare turar er det fine moglegheiter rundt hyttefeltet – som til dømes fisketur til Jagedalsvatnet.

Barlindbotn ligg inst i Eikefjorden i Flora kommune. Det er ca. 60 km frå Førde og 40 km frå Florø. Ein kan også køyre langs Førdefjorden via Vevring og Stavang. Det er bilveg fram til hytteveggen. Næraste butikkar er i hyggjelege Eikefjord sentrum som ligg ca. 20 km unna eller ein kort båttur. Ein kan også handle på nærbutikken i vakre Stavang.

Barlind hyttegrend er regulert for 21 sjønære fritidstomter. Det blir opparbeidd båtplass i felles bryggeanlegg og naustrekke med båtopphal.

Infrastruktur som veg, vatn, avlaup, straum og fiber er ferdig opparbeidd omtrent til tomtegrensene.  Området er regulert med friområde mellom kvar tomt for å kunne gje betre plasskjensle.

Storleiken på tomtene varierer mellom 380 – 590 m2. Det er ingen byggjeklausul, så hyttetypen veljer du sjølv ihht reguleringsplan.

Prisar på tomtene er frå kr. 550.000 – 650.000

Naust i rekke inkl. veg og oppstilling kr. 250.000

2 flytebrygger blir opparbeidd. Ved naustrekka i nord og i aust ved badeplassen. Prisar på båtplass i flytebrygge er kr. 75.000