Kanskje har du ein gammal draum om korleis akkurat di hytte skal sjå ut? Eller kanskje handlar draumen din berre om å ha ei hytte ved fjorden? I Barlind Hyttegrend ligg moglegheitene klare for deg
21 tomter
Barlind hyttegrend er regulert for 21 sjønære fritidstomter. Det blir opparbeidd båtplass i felles bryggeanlegg og naustrekke med båtopphal.
Naust i rekke inkl. veg og oppstilling er tilgjengeleg for kr. 250.000.
590 m2
Storleiken på tomtene varierer mellom 380 – 590 m2. Det er ingen byggjeklausul, så hyttetypen veljer du sjølv ihht reguleringsplan.
40 km
Barlindbotn ligg inst i Eikefjorden i Kinn kommune. Det er ca. 60 km frå Førde og 40 km frå Florø. Det er bilveg fram til hytteveggen. Næraste butikkar er i hyggjelege Eikefjord sentrum som ligg ca. 20 km unna eller ein kort båttur. Ein kan også handle på nærbutikken i vakre Stavang.